Arne Nordheim: Electric (Rune Grammofon, 1974/2002)
Skal ein tru på det ein ikkje ser? Det som ligg langt bortanfor det ein kan forstå, det som ikkje kan gripast? Om eg ikkje kan gripe det, korleis veit eg då at det er der? Det er som med draumar, eg anar det, eg har sett det, men aldri direkte, alltid i overført form, i bilete, i symbol, i augneblinkar av visse. Erfaring utan ord.
I Arne Nordheims Electric-laboratorium er det umogleg å ikkje le, men eg ler ikkje lenge om gangen, for heile tida skiftar det, heile tida skjer det noko. Noko er komisk, noko er berre konkret og tydeleg og noko er opent. Eg stansar ved det opne.
Antakeleg skal alt kunne klinge, og alt som er må kunne finnast igjen som klang. Og det alt består av – ja, det seier seg sjølv, det er ikkje småtteri. Det er det eg høyrer. Det er ikkje smått. For det er meir enn ein har tenkt. Det er alltid meir enn ein kan innbille seg om ein prøver, om ein ser det for seg, det er først når du er der, at du ser det, det er ikkje måte på kor einsam ein kan vere, om ein først er det, eller kor ufatteleg mange bitar som losnar når ein først går i oppløysing, som ved orgasme eller latter eller sorg. Berre ulike bitar, av ulike ting. Eg går med glede i oppløysing til «Pace» eller «Polypoly», det er så fint og avstemt, som om vi ikkje treng å vere redde for noko, berre la det komme til ein, bit for bit. Å, ja. Berre vere der, som med alt som er leik, som med barn og kattungar, berre prøv å vere til stades, kvifor er det vanskeleg? Kvifor vil ikkje hjernen kutte ut med sitt mas om at eg må forstå? Den vil ikkje, men den må, til slutt. Og det som er bakanfor, det i ein som lyttar, opnar seg. Det er det som ligg under, evna til å lytte. Der det ikkje spelar så stor rolle om du ler eller gret, alle augneblinkar blir blåst bort, og det blir stilt. Der inne er det stille. Der inne er eg.
Eg møtte Arne Nordheim i Grotten då han var 75. Eg skulle intervjue han for Morgenbladet. Etterpå tenkte eg at ein møter slike personar altfor sjeldan, slike som let personlegdomen sleppe til. Hans ubeskjedne, direkte veremåte og hans sjarm og humor. Eg vart løfta av hans nærvere. Då han følgte meg til døra, sa han: Vi møtes kanskje aldri igjen. Og det var noko trist ved det. No er han borte. Men det er ikkje sant, at vi aldri møtest igjen, eller er det det?
Laura Djupvik
Journalist og forfattar
Produsent:
Arne Nordheim
Medvirkende:
Arne Nordheim, Kåre Kolberg, Per Erik Thorsen, Eugeniusz Rudnik m.fl.










