Magnet: On Your Side (Ultimate Dilemma, 2003)

Enkelt og greitt, dei harde fakta først: I 1996 flyttar Even Johansen frå Bergen til London for å bli rockestjerne. Han har spelt i Chocolate Overdose, men det er med trioen Libido det skal skje. Vel, det skjer ikkje. Slik det nesten aldri skjer for dei som flyttar frå regnvåte kystbyar til metropolar for å bli stjerner. Trass merksemd og gode kritikkar, det heile endar i krangel med plateselskapet. Den gode gamle historia.

 Så blir det meir interessant: Parallelt med Libido-jobbinga har Even Johansen skrive songar som ikkje passar inn i bandformatet. Han flyttar nordover til Dumfries, Skottland, bur på landsbygda utanfor Glasgow, finn opp seg sjølv på ny under artistnamnet Magnet. Etter eit debutalbum og to ep-ar kjem eit lite meisterverk: albumet On Your Side.

 No blir det vanskeligare, for kva var det som skjedde her? Even Johansen var utvilsamt talentfull, Libido var utvilsamt eit bra band, men kven såg eigentlig On Your Side komme? Var det slik at bare Johansen fikk rista av seg platebransjens rigide krav om korleis ting skulle gjørast, så losna det? Måtte songane hans bare ut på landsbygda for å få puste litt? Måtte han slappe av, ikkje tenke så mykje på karriere, og så kom alt saman?

Eg veit ikkje. Eg veit bare at On Your Side duvar tålmodig avgarde gjennom elleve spor (inkludert ein Dylan-cover). Smellvakker, episk og filmatisk, frisk som ein novemberdag på landet. Dette er akustiske balladar dyppa i elektronika. Med uvanlig popteft vever Magneten saman sine emosjonelle songar, syng medrivande om einsemd, lyst, glede, lykke. Brått er han ein mogen mann som gir oss låtar fulle av minne og emosjonar, her finst levd liv, erfart kjærleik, perfekt pop.

Okei, så blir det umulig: Er dette den finaste norske plata nokon gong? Jo, det finst dagar då ho er det. Ein solfylt haustdag, å høre denne plata i bilen, kjøre ut med Magneten i høgttalarane. Ein sein vårkveld, å få med seg «Overjoyed» som kjem piplande ut frå ein radio. Ei svart februarnatt, spele opningskuttet, opne alle porene i kroppen. Om du kan dø for meg, korfor kan du ikkje leve for meg?

 Til slutt, ein slags konklusjon: Willie Nelson og Waylon Jennings åtvara i si tid all verdas mødre om at ungane deira ikkje måtte vekse opp og bli cowboyar. Det kan umulig ha omfatta bergenscowboyane. Hatten av for Magnet.

Frode Grytten

Forfatter

 

Medvirkende:

Even Johansen, Gemma Hayes og Tarjei Strøm

 

Produsent:

Jørgen Træen

Skriv en kommentar